EU-kontroll

EU-kontroll - Les om korleis du sjølv kan halde deg oppdatert på når du skal ha EU-kontroll for din bil.

Bileigarar vert oppfordra til å sjekke når bilen skal til EU-kontroll:

• Send sms <bilens registreringsnummer> til 2282

• Gå inn på vegvesen.no/kontrollfrist

Kontrollen får du gjennomført hos kontrollorgan som er godkjent av Statens vegvesen, blant anna bilverkstader.

 

Husk EU-kontrollen

Statens vegvesen sender ikkje lenger eit eige brev til bileigarar om fristen for EU-kontroll.

Frå 2010 vil informasjonen komme i det årlege brevet som vert sendt med oblata.

Kva slags køyretøy skal kontrollerast?

Biler med tillatt totalvekt 3500 kg eller mindre:

• Kontrollerast første gang fjerde året etter førstegangsregistrering

• Deretter kvart andre år

Bilar og tilhengere med tillatt totalvekt over 3500 kg, alle bilar som er registrert for 10 personer eller fleire samt drosjar og ambulansar:

• Kontrollerast første gang andre året etter førstegangsregistrering

• Deretter årleg

Kontrollmånaden vert bestemt av siste siffer på køyretøyet sitt registreringsnummer.

• nummer med 1 som siste siffer framstillast i januar                                                   

• nummer med 2 som siste siffer framstillast i februar

• nummer med 3 som siste siffer framstillast i mars

• nummer med 4 som siste siffer framstillast i april

• nummer med 5 som siste siffer framstillast i mai

• nummer med 6 som siste siffer framstillast i juni

• nummer med 7 som siste siffer framstillast i november

• nummer med 8 som siste siffer framstillast i august

• nummer med 9 som siste siffer framstillast i september

• nummer med 0 som siste siffer framstillast i oktober

Køyretøyet kan kontrollerast inntil fire månader i forkant av kontrollmånaden

 

Ta kontakt for time her!      
 

Du kan sjekke når din bil skal til eu-kontroll her :

https://svvgw.vegvesen.no/http://timeplan.vegvesen.no/exttime/tidspunkt.aspx

Send oss en henvendelse