Ledig stilling hos GT Bil AS

Er du vår nye bilmekanikar?
  • På grunn av stadig veksande oppdragsmengde, er det ledig 1 stilling som bilmekanikar ved GT Bil AS. Viss du likar å skru på bil, og er glad i ein travel og variert kvardag, håpar me du søker jobb hjå oss!
  • GT Bil AS ligg på Galdetoppen på Hafslo. Me er i dag to tilsette som har lang og brei erfaring, og kan utføra alt innan service og bilreparasjonar på alle bilmerke opp til 3500 kg. Me er i tillegg autorisert forhandlar av CF Moto ATV, samt RESPO og Variant biltilhengarar.
Arbeidsoppgåvene vil vera knytt til  
  •  reparasjon og service på alle bilmerke
  •  diagnose og feilsøking
  •  EU-kontrollar
  •  ruteskift
  •  ivaretaking av dekk på vårt dekkhotell
Me søkjer deg som  
  • har fagbrev som bilmekanikar
  • er serviceinnstilt og har gode samarbeidsevner
  • er nøyaktig og kvalitetsbevisst til eige arbeid
  • er sjølvstendig og løysingsorientert
  • har førarkort klasse B
  • beherskar norsk, munnleg og skriftleg
  • Me kan tilby eit positivt og hektisk arbeidsmiljø, konkurransedyktig lønn og gode moglegheiter til kompetanseutvikling.
Høyrest dette ut som noko for deg? Då høyrer me gjerne frå deg! Søknader vert behandla fortløpande. Dersom du har spørsmål om stillinga, kan du kontakta Kjell Øystein Ruud, tlf 901 96 737. Eller fyll ut skjema her og vi tar tar kontakt med deg